Ingeniør/prosjektleiar, Hyllestad kommune

Kode: 20649
Denne annonsen er utgått på dato

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn – sentralt mellom byane Førde og Bergen (ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen). Her hjå oss kan du rusle langs vasskanten eller bestige høge fjell som t.d. Lihesten. Her er gode jakt og fiskevilkår. Fritidsaktivitetar kan du drive på eiga hand eller gjennom organisasjonar som m.a. idrettslaget (biljard, bogeskyting, fotball m.m.), kulturskule, kor, skyttarlag, 4H, Røde Kors, musikklag, ungdomslag/teaterlag- og bygdelag. Kommunen har om lag 1.500 innbyggjarar som ventar på deg og dine.

Ingeniør/prosjektleiar

Hyllestad kommune

Me har ledig 100 % fast stilling som ingeniør/prosjektleiar frå 1.8.2012 eller etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

Me har arbeidsoppgåver knytt til matrikkellova, kart/GIS og oppmåling, arealplanlegging (reguleringsplanar) og byggesaker.  Brannsjef-funksjonen kan òg leggast til stillinga.

I tillegg til dette har vi prosjekt (planlegging, prosjektering, byggeleiing) knytta til VA (vatn/avlaup) og kommunale bygg (skule/barnehage).  Det kan nemnast at kommunen står framfor store vassverkutbyggingar.

Desse arbeidsoppgåvene kan drøftast nærare ut frå di utdanning, kvalifikasjonar og ønskje.

Kvalifikasjonar for stillinga
Me søkjer etter deg med relevant høgare utdanning, ev. teknisk fagskule innan etterspurde fagområde.  Søkjarar med lang relevant erfaring kan òg vere aktuelle for stillinga.  Gode IT-kunnskapar og kjennskap til bruk av GIS i plan- og prosjektarbeid er ein fordel.

Du må kunne jobbe både i team og sjølvstendig, samt vere strukturert.  Det er viktig å vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar både til brukarar og kollegaer.

Hyllestad kommune kan tilby
Ein interessant og utviklande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø og gode samarbeidsforhold.  Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.  Medlemsskap i ei av Noregs beste pensjonskassar; KLP.

Me ser fram til din søknad!

Søknadsfrist: 4.3.2012

Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Hyllestad kommune
Sted Hyllestad
Tittel Ingeniør/prosjektleiar, Hyllestad kommune
Kategori Ingeniøryrker
  Prosjektleder
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Offentlige lederstillinger

Kontakt

Kontakt Elin Garnes Solås
Tittel Personalsjef
E-post elin.garnes.solaas@hyllestad.kommune.no
Telefon 57789504

Kontakt

Kontakt Eide Kjell
Tittel Plan- og utviklingssjef
E-post kjell.eide@hyllestad.kommune.no
Telefon 57789548
Mobil 99271900

Vis din interesse for stillingen

Dette kan være interessant, kontakt meg om jeg er aktuell! Send min LinkedIn-profil til rekrutteringsansvarlig.
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring