Økonomisjef, Sjukehusapoteka Vest HF

Kode: 20662
Denne annonsen er utgått på dato

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av 5 helseføretak innan Helse Vest RHF. Føretaksleiinga er lagt til Bergen. Føretaket driv 4 sjukehusapotek tilknytta Haukeland Universitetssjukehus, Stavanger Universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Førde Sentralsjukehus. Sjukehusapoteka Vest HF har helseføretaka i regionen som hovudkunde, og verksemda omfattar eigenproduksjon av legemiddel, varehandtering/logistikk, rådgiving og salg til publikum. Føretaket har ca. 200 tilsette.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegla mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og å rekruttera kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

For meir informasjon sjå vår webside : www.sjukehusapoteka-vest.no.

Økonomisjef

Referansenr.: 1299471471

Økonomisjef har øvste faglege ansvaret for Sjukehusapoteka Vest sin økonomifunksjon inkludert økonomistyring, rekneskap og innkjøps- og logistikkfunksjon, og er ein sentral premissgjevar for forretningsforståing og forretningsutvikling i Sjukehusapoteka Vest. Fagleg leiing og rådgjeving er viktige element i stillinga, men økonomisjefen vil og sjølv ha operative oppgåver, særlig knytt til budsjettprosess og økonomistyring.
Økonomiavdelinga ligg organisatorisk i administrerande direktør sin stab, og består av 3 årsverk samt fagleg ansvar for økonomiressursar ved dei 4 sjukehusapoteka. Lønns- og reknekapstenester kjøpast frå Helse Vest RHF. Økonomisjef inngår i Sjukehusapoteka Vest sin leiargruppe, og er Sjukehusapoteka Vest sin representant inn i økonomidirektørforum i Helse Vest.

Sjukehusapoteka Vest er bevisst på å ha ein liten og effektiv administrasjon, og legg stor vekt på å ta i bruk mulegheitene som ligg i framtidsretta støttesystem og digitale løysingar. Vi trenger en økonomisjef som er faglig oppdatert, trygg, engasjert og utviklingsorientert.

Arbeidsoppgåver

  • Økonomisk styring
  • Analyser og prosessutvikling
  • Personalleiing og fagleg leiing
  • Prosjektleiing og prosjektoppfølging

Følgjande blir tilbydd

  • Allsidige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med kompetente og hyggelige kollegaer
  • Konkurransedyktige lønns- og pensjonsvilkår

Kvalifikasjonar

  • Leiare i Sjukehusapoteka Vest skal være ansvarlege, handlekraftige, endringsvillige, kommuniserande, inspirerande og heilheitstenkande. Vi ser derfor etter deg som gjennom utstrakt forretningsforståing og interesse for hele verdikjeda, ønskjer å vidareutvikle vår økonomifunksjon til å bli ennå meir forretningsunderstøttande.


Du må og ha:

  • Høgare økonomisk utdanning, fortrinnsvis på masternivå, og gjerne helseøkonomisk forståing og interesse.
  • Minimum 5 års relevant arbeidserfaring som inkluderer leiarerfaring
  • Erfaring med forretningsutvikling, verdikjedeoptimalisering og bruk av innkjøp og logistikk som strategisk verktøy for kostnadsstyring er ein fordel
  • God IKT-kompetanse

Kontaktinformasjon: Jannicke Daae Tønjum, administrerande direktør, tlf.:  98 23 21 56, jannicke.tonjum@sjukehusapoteka-vest.no eller Berit Berntsen, HR-sjef, tlf.: 48 16 26 88, berit.berntsen@sjukehusapoteka-vest.no.

Søknadsfrist: 06.02.2012

Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Sjukehusapoteka Vest HF
Nettside Trykk her
Sted Bergen
Tittel Økonomisjef, Sjukehusapoteka Vest HF
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Helse/Omsorg
  Apotektjenester/Farmasi
Kategori Økonomi/Regnskap
  Økonomi/Finans
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Offentlige lederstillinger

Kontakt

Kontakt Jannicke Daae Tønjum
Tittel Administrerande direktør
E-post jannicke.tonjum@sjukehusapoteka-vest.no
Mobil 98 23 21 56

Kontakt

Kontakt Berit Berntsen
Tittel HR-sjef
E-post berit.berntsen@sjukehusapoteka-vest.no
Mobil 48 16 26 88

Vis din interesse for stillingen

Dette kan være interessant, kontakt meg om jeg er aktuell! Send min LinkedIn-profil til rekrutteringsansvarlig.
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring