- Gjøvik
- Hammerfest
- Haugesund
- Kristiansand
- Kvinnherad
- Narvik
- Oslo
- Sandnes
- Sarpsborg
- Skedsmo
- Stokke
- Sund
- Sveio
- Vestby
- Vågan

I samband med at noverande oppvekstsjef ønskjer å gå av med AFP har Tysnes kommune ledig stilling.
Oppvekstsjefen har på vegner av rådmannen det daglege administrative leiaransvaret for skular, barnehagar, kulturskule og vaksenopplæring. Stillinga er ein del av rådmannen si toppleiargruppe. Tysnes kommune er inne i ei tid der me vurderer alternative måtar å organisera verksemda på, det vert føresett at oppvekstsjef går aktivt inn i ein slik strategisk prosess.
Tysnes kommune har i dag fire skular, fire barnehagar og kulturskule. Det vart utarbeidd ein skulebruksplan i 2011 som kan gje grunnlag for strukturelle endringar. Kommunen deltek i eit regionalt samarbeid om skular og barnehagar, samarbeidet er knytt til Midthordland kompetanseregion.
Hovudoppgåver:
- Ansvar for overordna planlegging, oppfølging av arbeidsgjevarstrategi, budsjett og økonomiarbeid.
- Overordna ansvar for drift av barnehagar, SFO, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring.
- Sakshandsaming innan arbeidsområde.
- Oppvekstsjef møter fast i utval for oppvekst/omsorg og kommunestyre, møter i formannskap etter behov.
- Aktiv deltaking i sektorovergripande prosjekt og utvikling av kommuneorganisasjonen.
- Oppvekstsjefen har elles ansvar for å organisera arbeidet i etaten for å sikra at ressursane vert disponerte rett i høve til dei ulike delane av etaten sitt ansvarsområde.
- Stillinga kan verta endra som følgje av aktuelle søkjarar sin kompetanse og ut frå pågåande utviklingsprosessar i kommunen.
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan pedagogikk, juss, økonomi eller tilsvarande.
- Røynsle frå arbeid som leiar eller tilsvarande arbeid.
- Personlege eigenskapar vil verta tillagt vekt i tilsetjinga. Det vil i særskild grad verta lagt vekt på gode samarbeidsevner, fleksibilitet og løysingsorientering.
- God kjennskap til offentleg sektor er ein føremon.
- Det vert føresett at den som vert tilsett har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
For stillinga tilbyr me:
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, med utviklingsmoglegheiter.
• Løn etter avtale.
• Gode arbeidstidsordningar.
• Svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Flyttegodtgjersle.
• Me kan yta hjelp til å skaffa bustad.
Det vert teke atterhald om endeleg stillingsnemning.
For nærare opplysningar om stillinga, kan du ta kontakt med rådmann Amundsen tlf. 53 43 70 20/992 25 785 eller ass. rådmann Dalland tlf. 53 43 70 14/970 46 500.
Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda Tysnes rådmannskontor, Rådhuset, 5685 Uggdal.
Søknadsfrist: 25.02.12.
Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.