Sekjonsleiar Forsyningsteneste - Hospitaldrift Transport, Helse Bergen, Haukeland Universitetssykehus

Kode: 20724
Denne annonsen er utgått på dato

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet.

Budsjettet vårt er på omlag 8,4 milliardar kroner. Vi har dessutan ei rekke kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi ønskjer derfor å knytte til oss dei beste fagfolka. Vi vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Vår visjon er å fremme helse og livskvalitet i vest. Verdiane våre er:

  • Respekt i møte med pasienten
  • Kvalitet i prosess og resultat
  • Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

    Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.

    For stillingar der det stilles krav til tilfredsstillande politiattest, jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven, blir tilsetting gitt under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillende politiattest. Interessert i å vite meir om oss? Besøk oss på www.helse-bergen.no

  • Sekjonsleiar Forsyningsteneste - Hospitaldrift Transport

    Referansenr.: 1335105287

    Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje medisinske tenester og -produkter til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransporter, mat til pasientar, pårørende og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 7 einingar og om lag 700 medarbeidarar.

    Hospitaldrift Transport er ei intern serviceeining som driv omfattande støttefunksjon opp mot alle avdelingar i Helse Bergen HF. Eininga er delt i tre seksjonar. " Seksjon Miljøhall," " Seksjon pasientrelaterte transporttenester og bildrift," og " Seksjon forsyningsteneste.
    Seksjon forsyningsteneste har 39 årsverk. 20 av våre ansatte har fagbrev innanfor logistikk. Seksjonen har ansvar for optimal forsyning av både medisinske og ikkje-medisinske forbruksvarer til senepostar og poliklinikkar.
    Seksjonleiaren vil ha ansvar for den daglege drifta av seksjonen, og for å utvikle den i samarbeid med brukarane av forsyningstenesta. Vi tlbyr ein spennande jobb i eit travelt og utfordrande miljø, med muligheiter for både fagleg og personleg utvikling.
    Stillingen inngår i Hospitaldrift Transport si leiargruppe.

     Arbeidsoppgåver

    • Dagleg drift og leiing av seksjonen
    • Personalhandsaming
    • Budsjettoppfylging og rapportering
    • Sikre optimal forsyningsteneste
    • Lage og halde ved like arbeidsplanar
    • Utstrakt kontakt med brukarane internt i Helse Bergen HF

    Utdanningsnivå

    • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

    Personlege eigenskapar

    • Gode eigenskaper til å kommunisere og samarbeide
    • Engasjert og relasjonsskapende
    • Gode mellommenneskelege eigenskaper
    • Endringsorientert

    Følgjande blir tilbydd

    • Løn etter avtale
    • Kurs- og utviklingsmuligheiter
    • Bedriftsidrettslag
    • God pensjons- og forsikringsordning
    Utdanningsretning
    • Administrasjon/organisasjon/leiing

    Kvalifikasjonar

    • Leiarerfaring
    • Erfaring frå logistikk og forsyningstenester i større verksemder.
    • Erfaring frå bruk av administrative IT-verktøy

    Språk

    • Norsk

    Arbeidsstad

    • Helse Bergen, Haukeland US

    Kontaktinformasjon: Asbjørn Gelin, einingsleiar, tlf.: 55 97 25 50.

    Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.

    Fakta om stillingen

    Firma Helse Bergen, Haukeland Universitetssykehus
    Nettside Trykk her
    Sted 5021 Bergen
    Tittel Sekjonsleiar Forsyningsteneste - Hospitaldrift Transport, Helse Bergen, Haukeland Universitetssykehus
    Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
      Administrativ ledelse
    Kategori Offentlige tj./Forvaltning
      Helse/Sosial
    Kategori Transport/Logistikk/Lager
      Logistikk/Lager
    Kategori Transport/Logistikk/Lager
      Transporttilknyttede tjenester
    Kategori Offentlige tj./Forvaltning
      Offentlige lederstillinger

    Kontakt

    Kontakt Asbjørn Gelin
    Tittel Einingsleiar
    Telefon 55 97 25 50
    Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
    Mail: post@lederjobb.no
    Personvernerklæring