
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule, vidaregåande skule og høgskule. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.
Gloppen kommune sin tekniske sjef gjennom mange år blir pensjonist i år. Vi er ute etter hans etterfølgjar og stillinga blir derfor lyst ledig med verknad frå 01.06.2012.
Arkivsaknummer er 12/342. Søknadsfrist er 01.04.2012.
Teknisk sjef er leiar for kommunen sin tekniske sektor. Sektoren har ansvar for klassiske tekniske oppgåver: kommunal teknikk, areal- og reguleringsplanlegging, brann og redningsteneste, byggjesaker og kart/oppmåling. I tillegg er ansvaret for kommunen si landbruksavdeling, eigedomsavdeling (kommunale bygg) og oppfølging av eigedomsskatt lagt til sektoren. Ny organisering av sektoren er under vurdering, men det vil ikkje føre til endra oppgåver som sektoren har ansvaret for. Teknisk sjef er i dag også brannsjef. Endring kan bli gjort på grunnlag av relevante søkjarar si erfaring/utdanning og interesse. Teknisk sektor er involvert i fleire interkommunale samarbeid, og Gloppen er vertskommune for Vassregion Nordfjord. Teknisk sjef er medlem av rådmannen si leiargruppe. Vi legg vekt på heilskapleg leiing som filosofi. I 2012 innfører vi resultatstyring som metode for oppfølging av arbeidet vårt.
Anna
Utviklingsretta arbeid blir vektlagt i Gloppen kommune. Dei siste åra har vi vore inne i ei rivande utvikling med sterkt fokus på organisasjonsutvikling og modernisering av organisasjonen. Aktivitetsnivået er ganske høgt. Kompetansen i teknisk sektor er god. Medarbeidarane er vel kvalifiserte og ansvarlege, og det er god breidde i bakgrunnen deira.
Kvalifikasjonar for stillinga
Vi søkjer etter ein medarbeidar med utdanning som ingeniør/sivilingeniør. Det er ønskeleg med røynsle frå leiarstilling i offentleg eller privat sektor. Ved vurdering vil følgjande personlege eigenskapar bli tillagt vekt:
- Resultatorientering
- Samarbeidsevne
- Fleksibilitet
Lønns- og arbeidsvilkår
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk og reglement. Lønn etter avtale. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Nærare opplysningar får du hos rådmann Marit Elisabeth Larssen, tlf 997 24 798.
Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk. Merk søknaden med 012/342 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.
Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.