
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule, vidaregåande skule og høgskule. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.
Gloppen kommune er vald ut som deltakar i KRD si nye programsatsing "Saman om ein betre kommune". Programmet går over ca 5 år og Gloppen kommune er med frå starten.
For å kunne gjennomføre dette programmet byggjer vi no ei prosjektorganisering og har i det høvet ledig stilling som prosjektleiar i 100 % stilling. Prosjektleiar skal ha ansvaret for gjennomføring av utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune".
Stillinga som prosjektleiar er eit engasjement med tiltreding snarast mogleg. Prosjektperioden varer til 31.12.2016.
Arkivsaksnummer er 12/334. Søknadsfrist er 9. mars 2012.
Prosjektet er i hovudsak finansiert av midlar frå KRD. Omtale av programmet finn du her. Det er viktig at søkjarar til stillinga har gjort seg kjende med prosjektomtalen før ev intervju blir gjennomført.
Hovudarbeidsoppgåver
Den tilsette skal ha ansvar for gjennomføring og oppfølging av det nemnde programmet i nært samarbeid med leiarar og fagmiljø i kommunen. Gjennom programmet "Saman om ein betre kommune" blir prosjektleiar medlem av eit nasjonalt nettverk i regi av KRD.
Kvalifikasjonar for stillinga
Til stillinga søkjer kommunen etter medarbeidar med utdanning på mastergradsnivå innan fagområde som er relevante for oppdraget. Det kan vere innan felt som samfunnsvitskap, HR, organisasjon og leiing eller tilsvarande. Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektarbeid, utviklings- og omstillingsarbeid eller tilsvarande i større organisasjonar.
Som prosjektleiar må du
- kunne arbeide sjølvstendig
- vere opptatt av å få fram resultat
- ha evne til å samarbeide med ulike fagmiljø og menneske.
Lønns- og arbeidsvilkår
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk og reglement. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Lønn etter avtale.
Nærare opplysningar får du hos rådmann Marit Elisabeth Larssen, tlf 997 24 798.
Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 12/334 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.
Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.