
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule søkjer avdelingsleiar
med skulestadsansvar for Otta i 100 % fast stilling frå 1. august 2012.
Om skulen
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule består av skulestadene Hjerleid, Lom og Otta i ein felles organisasjon. Skulen har tilsaman 9 utdanningsprogram og har som mål å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og samarbeid med næringslivet. Avdeling Otta har 8 utdanningsprogram med om lag 390 elevar og 100 tilsette. Hausten 2010 flytte elevar og lærarar inn i ein flott og nyrenovert skule som legg tilrette for gode læringsmiljø og godt læringsarbeid.
Om stillinga
100 % fast stilling som avdelingsleiar med skulestadsansvar for Otta
Ledig frå 1. august 2012. Samla leiarressurs på skulestaden vil vera om lag 370 %.
Avdelingsleiaren vil saman med resten av leiargruppe på Otta ha det daglege ansvaret for pedagogisk, personalmessige og administrative leiaroppgåver for skulestaden. Stillinga inngår elles i felles leiargruppe for Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
Vi ønskjer å tilsette ein avdelingsleiar som:
Vi tilbyr
Kontaktpersonar
Rektor Solveig Rindhølen, tlf 61 21 54 66 / 907 61 820
Ass. rektor Terje Bekken, tlf 61 21 54 67 / 928 90 371
Søknad
Generelle vilkår for leiar- og undervisningsstillingar i den vidaregåande skulen. Fylkeskommunen har eit verdigrunnlag basert på tillit og at ein skal vera raus, ansvarleg, kreativ og fleksibel. Det krevst høg etisk standard. Fylkeskommunen ønskjer at arbeidsstyrken i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå best mogleg
alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Kopiar av vitnemål og attestar vil eventuelt bli innehenta seinare.
Tilsende attestar blir vanlegvis ikkje returnert.
Fylkeskommunen nyttar elektronisk søknad.
Arbeidsstad: Otta
Søknadsfrist: 15. mars 2012
Søknadsnr: 1200056
Tlf: 61 21 54 00
www.n-g.vgs.no
Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.