
Fylkeskommunen har hatt betydelege investeringar dei siste åra, samstundes med bortfall av og forventa reduksjon i statleg rammetilskot. Kravet til innstrammingar i driftsrammene har dei seinare år ført til god økonomisk styring, og ein har avsett midlar til konkrete tiltak og til å byggje økonomiske reservar. Vi har ca 1600 tilsette. Les meir på www.telemark.no.
Vi søkjer ein strategisk, tydeleg og handlingsorientert fylkesrådmann, som er ein motiverande leiar med gode evner til kommunikasjon og samhandling. Tek du utfordringa med å leie ein fylkeskommune med eit stort utviklingspotensial? - Utvikle fylkeskommunen sin organisasjon gjennom styrking av samhandling, kompetanse og kvalitet. - Sentral rolle i overordna planlegging og styring av fylkeskommunen sine ansvarsområde - har solid og relevant høgare utdanning i kombinasjon med brei og allsidig leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd Åremålstilsetjing kan vurderast. Vi anbefaler at du skriv søknadsteksten i eit tekstbehandlingsprogram før du startar søkeprosessen. Da kan du lime (kopiere) inn teksten i søknaden, eller du kan leggje ved denne og CV i systemet. Søkjarar kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentleggjering. Dersom dette ynsket ikkje vert etterkome, vil søkjaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25)Mål med stillinga:
- Auke Telemark si attraksjonskraft som bustad og næringsområde.
- Auke næringsutviklinga i Telemark.Ansvarsområde og oppgåver:
- Overordna ansvar for utabeiding av mål- og budsjettforslag.
- Oppfølging og resultatdialog med dei enkelte einingane.
- Vidareutvikling av organisasjonen med fokus på strategisk leiing, langsiktigheit, samhandling, heilskap og fagleg kvalitet.
- Skape eit godt omdømme gjennom god kommunikasjon med tilsette, innbyggjarar, politikarar og media.
- Leie og kvalitetssikre samspelet mellom forvaltning og politikarar.
- Vidareutvikle ein aktiv og framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk som legg grunnlag for ein attraktiv arbeidsplass med god rekruttering, kompetansefornying, tilfredse medarbeidarar og lågt sjukefråvere.Fylkeskommunen ser etter ein rådmann som:
- er inkluderande og motiverande teambyggjar med gode evner til kommunikasjon og samhandling
- er resultatorientert, tydeleg, synleg og offensiv samfunnsutviklar
- har evne til heilskapleg og strategisk tenking
- forstår og meistrar kompleksiteten og dynamikken i samspelet mellom politikk og administrasjon
- har erfaring frå overordna planlegging, økonomistyring og endringsleiing
- har høg etisk standardSlik søker du
Når du tar til å registrere søknaden må du ferdigstille, det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Du må velje "Søk på stilling" og gjennomføre dei 5 hovudpunkta før du sender søknaden ved hjelp av det siste punktet.
Dersom du har merka av for at du vil ha dokumenter og annan kommunikasjon sendt elektronisk, vil du få ein e-post med kvittering om at søknaden er mottatt.Offentliggjøring
Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til Skagerak Consulting AS ved Øyvind Drangsland tlf 918 32 891, e-post: od@skc.no eller Nils-Ragnar Myhra, tlf 916 25 273, e-post: nrm@skc.no, om ynskjeleg på konfidensiell basis.
Du kan også kontakte personalsjef Terje Hærås, tlf. 901 77 756, e-post: terje.haras@t-fk.no og fylkesordførar Terje Riis-Johansen, tlf 975 63 000.
Søknadsfrist: 1. mars 2012
Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.