Einingsleiar - Eining for Næring og tekniske tenester, Stranda kommune

Kode: 24275
Denne annonsen er utgått på dato

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Einingsleiar - Eining for Næring og tekniske tenester

Det er ledig 100% fast stilling som einingsleiar i Eining for næring og tekniske tenester frå 01.08.2017.

Stranda kommune er organisert etter prinsippet om flat struktur (2-nivå-modell) med 18 driftseiningar og stab/ støttefunksjon direkte underlagt rådmannen. Einingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og personal.
Eininga er organisert i ulike fagområde og har om lag 25 medarbeidarar inne og ute.
Stranda kommune er ein nynorskkommune og den som vert tilsett må skrive nynorsk i saksbehandling og i skriftleg kommunikasjon.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Attestar og vitnemål må takast med ved eit evt. intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av eininga i samsvar med lovverk og kommunale vedtak, herunder peronalleiing og økonomistyring
  • Arbeide strukturert med eininga og kommuna sine målsettingar
  • Saksbehandling
  • Ansvar for HMS og internkontrollarbeid

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Erfaring frå leiing og økonomistyring, herunder personalleiing
  • God systemforståing og kunnskap om lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere og skape god kontakt mellom tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Evne til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i ei kommune med stor aktivitet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Søknadsfrist: 25. juni 2017

Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Stranda kommune
Nettside Trykk her
Sted Stranda
Tittel Einingsleiar - Eining for Næring og tekniske tenester, Stranda kommune
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Ingeniøryrker
  Annet
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Tekniske tjenester
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Offentlige lederstillinger

Kontakt

Kontakt Einar Lied
Tittel Kommunalsjef
Mobil 464 11 004
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring