Direktør, Ryfylkemuseet

Kode: 24330
Denne annonsen er utgått på dato

Ryfylkemuseet er ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og regionmuseum for åtte kommunar i Ryfylke. Hovudsete og kontorstad er på Sand i Suldal kommune. Museet vart etablert i 1981 og har i dag 20 avdelingar, vel halvparten med faste opningstider. Museet har 17 fast tilsette i 12,8 årsverk. Hovudsatsingsområda er bygningsvern, folkemusikk, kulturelt mangfald og immateriell kulturarv. Barn og ungdom er ei prioritert målgruppe for museet. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Direktør

Den noverande direktøren vår skal skifta jobb og me søkjer difor etter ein ny direktør som vil vera med og vidareutvikla museet i åra som kjem.

Me ønskjer at:

  • du har leiarerfaring, gjerne frå museum eller annan kulturinstitusjon, med dokumenterte resultat og gjennomføringsevne
  • du har høgare utdanning innan relevante fag for museet
  • du har gode kunnskapar innan økonomi
  • du involverer, lyttar og samarbeider godt med andre, men trivst òg i sjølvstendig arbeid
  • du tar initiativ og delegerer ansvar ved behov
  • du har god skriftleg framstillingsevne
  • du har visjonar for framtida til Ryfylkemuseet og er med og vidareutviklar det gode planverket vårt
  • du bidrar til synleggjering av museet og har gode kommunikasjonsevner
  • du er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt

Me tilbyr:

  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske tilsette.
  • medlemskap med pensjonsordning og forsikringar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP)
  • løn og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til aktiv deltaking i nasjonale og internasjonale fagmiljø
  • kontor med flott utsikt til fjord og fjell
  • hjelp til å finna bustad i Suldal

Du vil ha ansvar for:

  • den daglege drifta som øvste ansvarlege leiar, i samarbeid med leiargruppa
  • den økonomiske styringa av museet, inkludert søkja driftsstøtte, budsjettering og årsoppgjer
  • å følgja opp arbeidsmiljøet og personalet
  • rapportering til styret og tilskotsgivarar
  • å realisera dei overordna måla i museumspolitikken og vidareutvikla eigne mål
  • å leia det faglege arbeidet på museet

Ein viktig del av jobben er å representere museet i møte med kommunar, institusjonar, lag og enkeltpersonar som vi samarbeider med. Det inneber ein del reising i regionen og du må difor ha førarkort for bil. Me søkjer òg deg som har engasjement for museumsdrift, sjølv om du ikkje oppfyller heile ønskjelista vår.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Terjer Hidle, tlf. 991 56 102, eller avtroppande direktør Sveinung Søyland Moen, tlf. 919 08 061/975 94 932.

Søknad med CV og referansar kan sendast til post@ryfylkemuseet.no innan 24. august.

Skriftlege arbeid, dokumentasjon av anna meriterande praksis, bekrefta vitnemål, attestar og annan dokumentasjon må leggast fram etter nærmare førespurnad

Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Ryfylkemuseet
Nettside Trykk her
Sted 4230 Sand
Tittel Direktør, Ryfylkemuseet
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Kunst/Kultur
  Bibliotek/Museer/Galleri
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Offentlige lederstillinger

Kontakt

Kontakt Terjer Hidle
Tittel Styreleiar
Mobil 991 56 102

Kontakt

Kontakt Sveinung Søyland Moen
Tittel Avtroppande direktør
Telefon 919 08 061
Mobil 975 94 932
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring