Leiar for støttetenestene for barn og unge, Voss kommune

Kode: 24475

Voss - bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Leiar for støttetenestene for barn og unge

Vi kan tilby ei spennande og utfordrande stilling som gir rom for fagleg og personleg utvikling!

Det er ledig nyoppretta 100 % stilling som leiar for støttetenester for barn og unge i Voss kommune frå 1.januar 2018. Leiar vil bli næraste leiar for 4 avdelingar; barnevern, helsestasjons- og skulehelsetenesta, pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT) og avdeling for førebyggjande tiltak. Leiar for støttetenester rapporterer til kommunalsjef.

Stillinga vert lyst med atterhald om endeleg vedtak om organisering av kommunalavdeliing oppvekst.

Om arbeidsstaden

Stillinga som leiar vil innehalda varierte og spennande oppgåver. Kontorplass vil vera på Tinghuset inntil vidare. Arbeidet med samlokalisering av dei 4 avdelingane er starta, og vil truleg kunna realiserast i 2021.

Arbeidsoppgåver

Leiar for støttetenester for barn og unge rapporterer til kommunalsjef oppvekst. Leiar vil få ansvar for utvikling av tenestene i tett samarbeid med einingane som ligg under denne stillinga. Denne stillinga vil få ansvar for 4 avdelingar som har kvar sin leiar. Stillinga inneber administrativt, økonomisk og fagleg ansvar for tenestene i dei 4 avdelingane.

Etablering og formalisering av samarbeid både internt i oppvekst og ekstern med aktuelle samarbeidspartar, vil vera ei
sentral oppgåve.

Det er eit nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste
leiarmøte.

Me søkjer

Søkjarar til denne stillinga må ha høgare utdanning. Gode leiareigenskapar er viktig og du må vera motivert for ei slik stilling.

Leiar må ha visjonar om å skapa gode tenester, ha evne til å inspirera, leia og arbeida målretta og systematisk.
Du er også ein initiativrik medarbeidar med høg integritet og gode samarbeidsevner.

Dine eigenskapar:
* God leiar
* God skriftlig og munnleg framstillingsevne
* Kjennskap til offentlig saksbehandling
* Gode samarbeidsevner
* Erfaring frå leiing i kunnskapsorganisasjonar er ein føremon

Hugs å gje opp referansar

Me tilbyr

* Eit godt fagleg og sosialt miljø
* Sjølvstendige arbeidsoppgåver
* Gode vilkår for personleg og fagleg utvikling
* Ein fagleg utfordrande og spennande jobb i et aktivt miljø
* God pensjonsordning
* Lønn etter avtale

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Søknadsfrist: 1. november 2017.

 

 

Vennligst referer til Lederjobb.no i søknaden.

Fakta om stillingen

Firma Voss kommune
Nettside Trykk her
Sted 5701 Voss
Tittel Leiar for støttetenestene for barn og unge, Voss kommune
Kategori Administrasjon/Kontor/Personal
  Administrativ ledelse
Kategori Offentlige tj./Forvaltning
  Offentlige lederstillinger
Kategori Sosial/barnevern
  Barnevernspedagog
Kategori Utdanning/Undervisn./Forskn.
  Barn & oppvekst

Kontakt

Kontakt Else Berit Kyte
Tittel Kommunalsjef
E-post Else.Berit.Kyte@voss.kommune.no
Mobil 992 07 109
Jobbtelegrafen AS, Torsvik, 5337 Rong, Telefon 970 07 168
Mail: post@lederjobb.no
Personvernerklæring